Ta vare på kjærleiken, og inviter din kjære på noko heilt spesielt Valentinshelga 13.-15. februar. Her skal alt vere klappa og klart, så det er berre å lene seg tilbake og nyte god musikk, god mat, godt drikke, velvære - og kvarandre. 

Weekendpris frå kr 5030 p.p. i dobbeltrom. Suite kan velgast frå kr 8180 per person

Pakken inkluderer

Ring oss eller send ein e-post så hjelper vi deg med Champagne på rommet, blomar, frukt og sjokolade dersom du vil gjere enda meir ut av det. Du kan også oppgradere rommet til ein annan standard om du ynskjer det. Prikken over i'en er kanskje ei spa-behandling eller ein duo-massasje for begge to? Ta kontakt så finn vi den perfekte løysinga for dykk. 

Sjekk ut vår romantiske weekendpakke om de heller ynskjer å kome ei anna helg, eller bestill rom i helga før Valentines og opplev vår nydelege fisk- og skalldyrbuffet. Vi kan gjere ein romantisk vri denne helga også. Ta kontakt så ordnar vi alt!

Bestilling

Ta kontakt på telefon 57 87 50 50 eller e-post alex@alexandra.no for å bestille (pakken er ikkje tilgjengeleg i vår nettbestilling).

Ei lita gåve til din kjære?

Eit gåvekort med valfritt  beløp kan brukast på både spabehandling, eit nytt opphald, drikke, mat, Via Ferrata Loen eller kanskje ein tur med Loen Skylift. Finn ut meir og bestill.

Kombinere med eit "sytalaust" bryllaup?

Går de i giftetankar? Kanskje drop–in-vigsel på Valentinsdagen kan vere noko? Også i 2026 arrangerer kyrja i Stryn drop-in-vigsel i Nedstryn kyrkje. Felles for alle som har gripe sjansen i eit slikt høve er at dei vil gjere det enkelt. Det einaste som trengs er å skaffe seg godkjenning frå Skattekontoret, ta med seg prøvingsattesten og så møte opp i kyrkja. Dei som vel denne løysinga gjev uttrykk for at dette er ei god anledning til å «få det gjort», utan så mykje planlegging, og heilt utan kostnad. Drop in i Nedstryn kyrkje er ein full seremoni, med orgel, innmarsj, salmar, løfte og forbøn, og så får para velje litt korleis dei vil gjere det. Kyrkja stiller med vitne, om nødvendig, slik kan paret kome heilt utan fylgje om dei vil. Finn ut meir her.