Skal du feire ei spesiell anledning eller arrangere, vil du finne passande lokale her hos oss. Ein staseleg festmiddag, ei koseleg familiefeiring, konfirmasjon eller eit uformelt minglearrangement – vi har lang erfaring og hjelper gjerne. Ta gjerne kontakt for eit uforpliktande tilbod.

Lokale for ei kvar anledning
Hotellet rommar mange moglegheiter. Staseleg og intimt, storslått, tradisjonelt eller moderne?

Bryllaup
Del draumane dykkar om den store dagen med oss, senk skuldrane og lat oss ta hand om alt det praktiske rundt festen. Bryllaup krev planlegging i minste detalj. Vi har lang erfaring og deler gjerne vår kompetanse slik at dagen dykkar vert både minnerik og flott.