Førjulstida på Hotel Alexandra er lun og eventyrleg. Lys glitrar i heile Loen, det er fyr i peisen, bassenga er varme og pulsen senkar seg når du går inn døra. Ta med deg kollegaer på årets siste møte og avslutt med eit skikkeleg julebord.  

Frå 25. november finn du julemat på menyen kvar dag også i midtveke, og kva passar vel betre enn å legge inn ei juleavslutning for bedrifta eller kundane i løpet av opphaldet? Ei fagleg samling fredag med overnatting, julebord og dans er også mogleg. Pris fredag til laurdag er frå kr 3160,- i enkeltrom inkludert møterom, kaffi/te, to-retters lunsj, julebord og dans om kvelden samt frukost neste dag. Inngong i Alexandra Bad er også inkludert. Aperitiff kan også ordnast ei eit eige lokale. Du kan også ta med ledsager mot eit tillegg.

Julebord fredag eller laurdag? Desse spelar i Alex Dancing:

  • 8. og 9. november: Backflash
  • 15. og 16. november: Backflash
  • 22. og 23. november: Backflash
  • 29. og 30. november: Cozy
  • 6. og 7. desember: Cozy
  • 13. og 14. desember: Cozy

Bestilling
Ta kontakt med oss på 57875000 eller alex@alexandra.no. 

Vil du gjere litt ekstra ut av det?
Vi kan anbefale smaking av vin eller champagne i Markus Vinkjellar, guida vandretur, og mykje meir. Ta kontakt med salsavdelinga vår, så hjelper vi deg.

Kjekke aktivitetar for alle
Inne finn du leikerom, aktivitetsavdeling, badeanlegg, treningssenter (frå 16 år) og spa-avdeling (frå 18 år). Ta turen til fjells med Loen Skylift og nyt ein god lunsj i Hoven Restaurant. Har du med borna er det perfekt å ta dei med til Loen Play. Reis på juleshopping i designbygda Stryn, gå tur til ein av setrane i området eller opplev vikingsenteret Sagastad på Nordfjordeid.