Vi legg vår stoltheit i å servere god mat. Den velfylte middagsbuffet er ein klassikar, medan nokre vel den elegante a la carte restauranten. For ei ekstra spesiell oppleving opnar vi vinkjellaren for små grupper, og serverer eksklusive menyar og vinsmaking. 

Som gjest får du servert buffet med både kalde- og varme rettar i Restaurant Charlotte. Nokre dagar er det servert meny. På dagtid tilbyr Markus Café lunsjrettar, smørbrød og kaker. Utvalde søndagar serverer vi stor lunsjbuffet. og før jul blir det julelunsjbuffet.  

Dersom du ikkje bur på hotellet kan du ta kontakt på 57 87 50 00 eller alex@alexandra.no for å bestille bord.  Sjekk også ut restaurantguiden for Loen

Restaurant Charlotte

Charlotte er vår hovudrestaurant, med stor middagsbuffet. Her serverer vi også frukost kvar morgon. 

 

 

Restaurant Andrine (a la carte)

Restaurant Andrine

Restaurant Andrine er vår à la carte restaurant der vi serverer tre- til femretters middag.