På toppen av hotellet, i 8. etasje ligg superior suite Krunefjellsuiten. Den er klassisk innreia og har ei stor stove og soverom, og eit romsleg bad med badekar og "rainshower" dusj. På balkongen kan du nyte utsikta – høgt over fjorden.
Opphaldet inkluderer sjølvsagt inngang i Alexandra Bad, treningsrom, badekåpe og tøfler. Bestiller du på websida vår er middag inkludert i prisen.
Det er ikkje mogleg med hund i denne suiten.
Superior suite inkluderer
- Frukostbuffet
- Inngang i Alexandra Bad
- Inngang i trenings- og styrkerommet
- Storleik 60-75 kvm.
- «King size» seng (180x200), to dyner
- Romsleg sitjegruppe
- Stort bad med badekar og "rainshower" dusj
- Badekåpe og tøfler, samt korg med badehandkle
- Hårfønar
- Skrivebord og stol
- TV
- Internett
- Nespresso kaffimaskin
- Minibar
- "Walk-in" garderobe
Det er ikkje mogleg med ekstrasengar på dette rommet. Røyking er ikkje tillete.
Foto: Jostein Vedvik, Anniken Gjørøy og Silje Fløtre Reed