Ta ein pause frå kvardagen, og ta med din kjære på eit romantisk hotellopphald denne våren, og nyt tid saman - berre dokke to. Her er alt klappa og klart, så det er berre å lene seg tilbake og nyte god mat, godt drikke, velvære - og kvarandre. 

Romantisk helg frå kr 5530 per person i dobbeltrom. 

Pakken inkluderer

  • Overnatting i dobbeltrom fredag-søndag
  • 3-retters meny i Restaurant Andrine ein av kveldane
  • Middagsbuffet i Restaurant Charlotte ein av kveldane
  • Frukost laurdag og søndag i Restaurant Charlotte
  • Champagne på rommet ved ankomst
  • Inngang i Alexandra Bad heile helga
  • Inngang i velværeavdelinga Alexandra Spa fredag
  • Badetøfler og badekåper under heile opphaldet
  • Tur/retur billett med Loen Skylift
  • Sein utsjekk søndag (kl 15:00). 

Ring oss eller send ein e-post så hjelper vi deg med blomar, frukt og sjokolade. Du kan også oppgradere rommet til ein annan standard om du ynskjer det. Prikken over i'en er kanskje ei spa-behandling eller ein duo-massasje for begge to? Ta kontakt så finn vi den perfekte løysinga for dykk. 

Pristilbodet gjeld frå 19. januar til og med 12. mai 2024.

Vil de heller kome i midtveke?

Vi tilbyr også romantisk pakke i midtveke til ein litt rimelegare pris. 

Bestilling

Ta kontakt på telefon 57 87 50 50 eller e-post alex@alexandra.no for å bestille romantisk pakke. Vi gler oss til å legge til rette for eit nydeleg opphald!