Markus Vinkjeller byr på ei perfekt atmosfære for vinkjennarar og andre som søkjer løyndomen til vinen. Kjellaren er bygd på tuftene til det opprinnelege Hotel Alexandra frå 1884, og kan bestillast for middagar, vinsmakingar, vinkurs og som ein møtestad for aperitiff.

Hotellet sin vinkelner står til teneste med råd og anbefalingar.

Eksklusive matopplevingar

Vinkjellaren er eit heilt spesielt rom, som krev heilt eigne menyar for både mat og drikke. «Wine & dine» med ulike tema, eksklusive fem-retters menyar eller la deg overraske og begeistre av kjøkensjefen sin «surprise-meny». Ved sistnemde alternativ skapar kjøkensjefen ein heilt spesiell meny, akkompagnert av vinkelneren sine anbefalingar. Her serverer vi vinspesialitetar djupt frå kjellaren - frå dei beste vinhus og av dei beste årgangar.

Tasting meny 2023 (pdf)

Vinsmaking

I vinkjellaren tilbyr vi vin- eller Champagne-smaking - frå nybyrjarar og oppover med utvalde område for spesielt interesserte. Her legg vi til rette for kjekt samvær, med eksklusive smakar frå fjern og nær.

Vinkjellaren må tingast på førehand, og har plass til maksimalt 20 personar.

Les meir om vinsmaking