Fjordsalane er ei heilt ny møteavdeling, med rom i ulike storleikar og ein større konferansesal. Her skal det boble av kreative påfunn, ny kunnskap og gode samtalar.

Fjordsalane ligg på bakkenivå med mykje dagslys, og er eit framifrå lokale til utstillingar. Salen kan delast i tre, tilpassa mindre møter.

I tilknytning til Fjordsalen har vi fleire større og mindre grupperom og fleire romslege salongområde.