Deluxe-romma er store og lyse, og eignar seg godt som familierom. Dei fleste har balkong, med utsikt mot fjellet og/eller Lodalen. Romma har sitjegruppe og plass til inntil to ekstra oppreiingar på sofa (for inntil to små barn). Romma varierer i storleik, men er gjennomsnittleg 35 kvm. Opphaldet inkluderer sjølvsagt inngang i Alexandra Bad, treningsrom, badekåpe og tøfler. Bestiller du på websida vår er middag inkludert i prisen.
Det er mogleg med hund på nokre av desse romma.
Rommet inkluderer
- Frukostbuffet
- Inngang i Alexandra Bad
- Inngang i trenings- og styrkerommet
- Badekåpe og tøfler, samt korg med badehandkle
- “King size” seng (180), to dyner
- Bad med badekar og/eller dusj
- Skrivebord og stol
- Internett
- Minibar
- TV
- Hårfønar
- Garderobeskap
- Parkettgolv
Røyking er ikkje tillete.