Deluxe-romma er store og lyse, og eignar seg godt som familierom. Romma har balkong med utsikt mot fjorden, sitjegruppe og plass til inntil to ekstra oppreiingar på sofa (for inntil to små barn). Romma varierer i storleik, men er gjennomsnittleg 35 kvm. Det er parkett på nokre av romma. Opphaldet inkluderer sjølvsagt inngang i Alexandra Bad, treningsrom, badekåpe og tøfler. Bestiller du på websida vår er middag inkludert i prisen.
Det er ikkje mogleg med hund på desse romma.
Rommet inkluderer
- Frukostbuffet
- Inngang i Alexandra Bad
- Inngang i trenings- og styrkerommet
- Fjordutsikt
- Badekåpe og tøfler, samt korg med badehandkle
- King size seng (180), to dyner
- Bad med badekar og/eller dusj
- Skrivebord og stol
- Internett
- Minibar
- TV
- Hårfønar
- Garderobeskap
- Parkettgolv
Røyking er ikkje tillete.