Fordelt på 3700 kvm tilbyr Hotel Alexandra ei stor bade- og spaavdeling, med basseng og boblebad både inne og ute. Du kan også prøve vår store sklie med "magesug". Utebassenget inneheld blant anna massasjesenger, rygg-/nakkemassasje, og er oppvarma heile året. Innandørs og utandørs boblebad, samt innandørs sol-område. Det er også fleire barnebasseng inne og ute med fontener, "vass-soppar", vassrutsjebaner, foss og grotte. Cafe Zandra serverer drikke og smårettar kvar dag heile sommaren, og fredag og laurdag resten av året.
Opningstider Bad & Spa
Kl 08.00 til 20.00 alle dagar.
Praktisk informasjon
- Bad & Spa er hovudsakleg for buande gjester, etter at ein har sjekka inn og før ein sjekkar ut. Mandag-torsdag før kl. 16:00 er også ikkje-buande gjestar velkomne til å bestille Spa-behandling. Dette tilbodet gjeld ikkje i skuleferiar, på helgedagar og i sommarsesongen. Dei som har behandling kan også bruke fasilitetane i Alexandra Bad & Spa. Les meir om dette.
- Alle må dusje før ein besøker Alexandra Bad & Spa
- Du er sjølv ansvarleg for personlege eigendeler og kle som ligg i garderoben under besøket ditt
- Alle småbarn må bruke badebleier i bassenga. Dette kan kjøpast i spa-butikken.
- Det er forbode å ta med medbrakt drikke eller mat i Bad & Spa.
Vi minner om at all bading er på eige ansvar. Barn under 15 år kun i følgje med ein vaksen.