Med panoramautsikt heilt på kanten av stupet 1011 m.o.h. finn du Hoven Restaurant. Hit kjem du med Loen Skylift. I Hoven Restaurant får du servert mat med lokale råvarer i ein À la carte meny samt ein eigen pizzameny. Det er sitjeplass til ca 370 gjestar fordelt på to avdelingar. Restauranten er forma som eit amfi, slik at alle har god utsikt over fjordlandskapet. Hugs å bestille bord på førehand dersom du planlegg å ete i restauranten. Eigne menyar for grupper, og eigen gallamiddag-meny.
Ope for grupper utanom ordinære opningstider etter avtale. Hotel Alexandra organiserer gjerne konferansar og events der vi kombinerer opplegg på hotellet med middag eller aperitif i Hoven Restaurant.