Anten du søkjer aktive opplevingar som får adrenalinet til å bruse, eller berre ønskjer å slappe av er Loen staden for deg. Våren fyller vi med forfriskande aktivitetar, velvære og gode matopplevingar.

Påske i Loen
Påska i Loen byr på noko for alle aldrar. Aketur, skitur eller berre sitje i solveggen? Vi diskar opp med komfortable rom, bading, underhaldning, god mat og påskestemning.

5.-8. mai: Glade vårdagar i Loen
Nyt våren i Loen med store naturopplevingar, kultur, avslapping og god mat. I perioden 5. til og med 8. mai vil vi gje litt ekstra merksemd til seniorgjestane våre, og byr på dans, allsong, yoga, Norges lettaste fjelltur og mykje meir.