Samle familie og vener til fine romjulsdagar og nyttårsfeiring på Hotel Alexandra. Hotellet er ope frå laurdag 28. desember til onsdag 1. januar. Her kan du kose deg med god mat, triveleg og avslappa atmosfære, og aktivitetar for heile familien. Kvar kveld blir det stemningsfull livemusikk med Aleksander Raftevold i Salong Ida, samt partystemning i Alex Dancing. 

Livemusikk med Aleks Grey
Aleksander Raftevold, også kjent som Aleks Grey, frå Nordfjordeid er låtskrivar, produsent og artsist. Som soloartist, under navnet Aleks Grey, har han turnert i Noreg, England og Tyskland. Musikken hans er streama over heile verda og han har vore lista på NRK P1, NRK P3, BBC Radio og tysk radio. Raftevold har også komponert musikk til fleire tv-seriar. Raftevold har også samarbeida med songaren Didrik Solli-Tangen i mange år. I 2023 hadde Raftevold premiere på sin musikal Usagt ved Opera Nordfjord. Musikalen skreiv han saman med Hege Lillestøl Naustdal. Det siste året har Raftevold også hatt stor suksess i vise-duoen Raftevold & Berg, og dei har spelt eit titals konsertar over heile landet.

Partystemning med DJ i Alex Dancing kvar kveld

Romjul for dei yngste
Jula er magisk for dei yngste, og det skal den også vere på Hotel Alexandra. Kvar kveld blir det barnedisco i Alex Dancing, og leikerom og badebasseng ventar. Loen Play held også ope nokre dagar i romjula. I restauranten er det eigen barnebuffet heile romjula. 

Romjulsprisar overnatting

Priseksempel laurdag 28/12

Standardrom: Kr 2140,- per person i dobbeltrom
Standardrom med fjordutsikt: Kr 2340,- per person i dobbeltrom
Superior-rom: Kr 2240,- per person i dobbeltrom
Superior-rom med fjordutsikt: Kr 2440,- per person i dobbeltrom
DeLuxe-rom: Kr 2440,- per person i dobbeltrom
DeLuxe med fjordutsikt: Kr 2640,- per person i dobbeltrom

Priseksempel (søndag 29/12 eller mandag 30/12)

Standardrom: Kr 1940,- per person i dobbeltrom
Standardrom med fjordutsikt: Kr 2140,- per person i dobbeltrom
Superior-rom: Kr 2040,- per person i dobbeltrom
Superior-rom med fjordutsikt: Kr 2240,- per person i dobbeltrom
DeLuxe-rom: Kr 2240,- per person i dobbeltrom
DeLuxe med fjordutsikt: Kr 2440,- per person i dobbeltrom

Prisane inkluderer opphald med romjulsmiddag og frukost. Fri inngang i Alexandra Bad.

For å bestille rom, og sjå fleire prisar og romkategoriar, søker du i boksen til høgre på sida.

Nyttårsfeiring
Nyttårsaftan inviterer vi til stor nyttårsbuffet inkludert aperitiff. Ved midnatt sender vi opp vårt store fyrverkeri. Merk at minimum to-døgns opphald er tilgjengeleg i samband med nyttårsaftan. Priseksempel 30. desember-1. januar frå 4.780,- per person i dobbeltrom (standardrom) inkl. middag og frukost. 

Aktivitetar i romjula
Nyt dei siste dagane av 2024 med friske aktivitetar ute. Loen Skylift har ope dagleg frå 27. desember (sjå opningstider her). Nyt ein lunsj i Hoven Restaurant, og om veret tillet det kan du gå tur i fjellet - 1011 m.o.h. Loen Play held ope 28., 29. og 30. desember kl 12-19, samt nyttårsaftan kl 11-17. Det fins også mange kjekke aktivitetar innandørs på hotellet: Bading, shuffleboard, biljard m.m. og du vil finne eit godt utstyrt treningsrom her. 

Etter nyttår vil Hotel Alexandra stenge ein liten periode, men opnar att medio januar 2025.