Bli med på ei stemningsfull vårveke i Loen, der gode opplevingar, musikk, aktivitet og sosialt samvær står i sentrum! Tre dagar med hyggelege måltid, bygdevandring, yoga, dans og herlege musikkopplevingar med sjølvaste Steinar Engelbrektsson, som sørger for både dansekveldar og allsangstunder.

Ein lita vårveke fylt med opplevingar

  • Bygdevandring – Oppdag vakre Loen saman med kunnskapsrike guidar
  • Musikkglede med Steinar Engelbrektsson – Dans kvar kveld og livlege allsangstunder - både i Loensalen og på Hoven
  • Yoga og velvære – Avslappande økter for kropp og sjel
  • Ein smak av fjellet – Nyt ein rabattert tur med Loen Skylift til fjellet og Hoven Restaurant
  • Alexandra Bad & Spa – Slapp av i bassenget eller tren i vårt moderne treningssenter

Om Steinar Engelbrektson

Steinar Engelbrektson har base i vakre Nordfjord. Kjennetegnet på Steinar er spelegleda han leverer frå scena. Sjølv etter 40 år på vegen er han like lysten på å spele og få treffe publikum, som den dagen han først entra ei scene. Steinar har mange fans som fartar land og strand, helg etter helg, og frå festival til festival for å oppleve dansbar country fra øvste hylle. Låtar som «På grunn av bagateller», «Hundrings til ein kaffi» og «Heim til Nordfjord» har blitt udødelige slagarar og skapar stemning og allsang over heile landet.

Avslappande og styrkande yoga

Janne Grov har i ei årrekke undervist faste yogaklasser i Oslo for både kvinner og menn i alle aldersgrupper. Grunnutdanninga og eigenpraksisen er Ashtanga yoga, og ho har i tillegg utdanning i Yinyoga, Pranayama meditasjon og yogaterapi & healing. I løpet av vårdagane vil det vere yogatimar kvar dag, og dette er inkludert i pakkane. Ingen forkunnskap er naudsynt, og dette passar for alle.

Pakkeprisar for buande gjestar 

  • 3 døgn: Frå kr 1610 per person i dobbeltrom per døgn
  • 2 døgn: Frå kr 1790 per person i dobbeltrom per døgn
  • 1 døgn: Frå kr 1940 per person i dobbeltrom per døgn

(Enkeltromstillegg: frå kr 400 per natt. Større rom med fjordutsikt har eigne prisar.)

Turen til fjells med Loen Skylift kostar kun kr 450 per person for dei som kjøper pakke.

Dette får du inkludert i opphaldet:

  • Overnatting i komfortable rom
  • Middag og frukost i Restaurant Charlotte
  • Dans kvar kveld med Steinar Engelbrektsson
  • Fri inngang til Alexandra Bad og treningssenter
  • Yogatilbod kvar dag
  • Bygdevandring, yoga og sosialt fellesskap
  • Badekåpe og tøfler under heile opphaldet

Er de ei gruppe? Samle vennegjengen og nyt nokre innhaldsrike dagar saman! Loen er eit perfekt utgangspunkt for kjekke utflukter, og vi hjelper gjerne med planlegging av aktivitetar, transport og måltid.

Bestill no!

Ring oss på 57 87 50 50 eller send e-post til alex@alexandra.no for å sikre deg plass. Gjer deg klar for gode vårdagar i Loen – vi gler oss til å ynskje deg velkomen!