Ta vare på kjærleiken, og inviter din kjære på noko heilt spesielt på Valentinsdagen fredag 14. februar. Her skal alt vere klappa og klart, så det er berre å lene seg tilbake og nyte god mat, godt drikke, velvære - og kvarandre. 

Pris frå kr 3135 p.p. i dobbeltrom per dag. Suite kan velgast frå kr 4575 p.p. per dag. 

Pakken inkluderer

  • Overnatting i dobbeltrom
  • 3-retters meny i Restaurant Andrine eller middagsbuffet i Restaurant Charlotte 
  • Frukost i Restaurant Charlotte
  • Champagne på rommet ved ankomst
  • Inngang i Alexandra Bad
  • Inngang i velværeavdelinga Alexandra Spa
  • Badetøfler og badekåper under heile opphaldet

Ring oss eller send ein e-post så hjelper vi deg med blomar, frukt og sjokolade dersom du vil gjere enda meir ut av det. Du kan også oppgradere rommet til ein annan standard om du ynskjer det. Prikken over i'en er kanskje ei spa-behandling eller ein duo-massasje for begge to? Ta kontakt så finn vi den perfekte løysinga for dykk. 

Vil de utvide opphaldet til søndag? Tillegg frå kr 1850 p.p.

Sjekk ut vår romantiske weekendpakke om de heller ynskjer å kome ei anna helg, eller bestill rom i helga før Valentines og opplev vår nydelege fisk- og skalldyrbuffet. Vi kan gjere ein romantisk vri denne helga også. Ta kontakt så ordnar vi alt!

Bestilling

Ta kontakt på telefon 57 87 50 50 eller e-post alex@alexandra.no for å bestille (pakken er ikkje tilgjengeleg i vår nettbestilling).