Bli med på ei heilt spesiell marshelg der spektakulær natur, velvære og ekte eventyr møtast. Denne helga får du oppleve eit inspirerande foredrag med Cecilie Skog, kombinert med komfort, gode smaksopplevingar og den unike atmosfæren ved Hotel Alexandra.
Cecilie Skog er ein av verdas mest profilerte eventyrarar – den første kvinna som har bestige dei høgste fjella på alle sju kontinent og nådd både Nordpolen, Sydpolen og Mount Everest. Likevel handlar foredraget hennar, «Cecilies Verden», om noko meir enn rekordar og toppar. Det handlar om motet til å følge draumane sine, om å stå støtt i det ukjende – og om å finne drivkrafta i seg sjølv.
Fredag kveld tek Loen Skylift dykk nesten loddrett 1 011 meter opp til Hoven Restaurant, der ein utsøkt 3-retters middag vert servert før Cecilie inviterer til ei visuell og følelseslada reise gjennom nokre av verdas mest ekstreme landskap.
Mellom opplevingane kan du senke skuldrane i det varme og innbydande Alexandra Bad, nyte utsikta over fjord og fjell – eller ta deg ein frisk tur ute i den vakre naturen rundt Loen.
Pakken inkluderer:
- Overnatting fredag–søndag
- Tre-retters middag og foredrag med Cecilie Skog på Hoven fredag kveld
- Tur/retur med Loen Skylift
- Middagsbuffet i Restaurant Charlotte laurdag kveld
- Frukost laurdag og søndag
- Fri inngang til Alexandra Bad heile opphaldet
Pris
Frå kr 5.140,- per person i dobbeltrom
Tillegg for enkeltrom frå kr 800,-
Bestill
Bestill på alex@alexandra.no eller telefon 57 87 50 00.
Gjer mars til noko meir enn berre ein månad mellom vinter og vår – gjer det til ei helg fylt med inspirasjon, ro, smak og spektakulære opplevingar.





Foto: Marius Beck Dahle, Lene Marie Gåsbakk, Lene Marie Gåsbakk, Bård Basberg/Loen Skylift, Janne Alsaker